Den spennande forteljinga

Korleis lagar du ei spennande historie? Kva tricks kan du bruka for å lokka lesaren med deg vidare i teksten? Kva har forteljinga i boka til felles med spelefilmen og spenningsseriane på fjernsyn? Slikt som dette fortel eg om i ”Den spennande forteljinga”. Eg brukar døme frå sine eigne bøker, men også frå kinofilmar og fjernsynsseriar, og brukar både mine forteljar- og dramatiseringsevner til å formidla dette til elevane.

 

Opplegget høver godt for mellomtrinnet, men også i ungdomsskulen. Gjerne i klasserom, men også for to klassar i sal eller auditorium. Eg har turnert med dette  programmet både i Hedmark og Sogn og Fjordane og fått gode tilbakemeldingar.

 

Tid: Ein klokketime. (og kanskje litt til)

 

Utstyr: Ein stol, eit bord og eit glas vatn.  Ei tavle eller noko anna til å skriva, teikna og viska ut på.

 

Kontakt: Norsk Forfattersentrum, vestlandsavdelinga. vest@forfattersentrum.no tlf 55 21 54 40

eller Atle Hansen: post@atlehansen.net

 

Er det i det hele tatt noen her til lands akkurat nå som skriver mer effektive spenningsromaner for unge lesere enn Atle Hansen? skreiv Geir Vestad i Hamar Arbeiderblad i omtalen av romanen ”Ulvestova”.

 

”Med en slik avslutning bør norsk spenningslitteratur for yngre lesere kunne slå ut oversatt klisjelitteratur uten litterær gnist." Nina Goga i Bergens Tidende om Heksa.

 

Eg har reist mykje rundt i grunnskulen etter at eg debuterte med “Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill” (Cappelen 97). Framsyninga ”Heksa – ei skummel forteljing”, bygd på spenningsboka ”Heksa”, har eg framført over 300 gongar over heile Sør-Noreg for Den kulturelle skulesekken m.a. Tilbakemeldingane frå både elevar, lærarar og anna publikum har vore svært positive.

 

Fleire opplysningar:

www.myspace.com/atlehansen