Om
meg
Eg vart fødd i 1954 i Mosterhamn i
noverande Bømlo kommune. Har vore busett på Stord sidan 1970, med nokre
kortare og lengre avbrot. I første havdelen av åttitalet studerte eg
ved universitetet i Bergen, litteraturvitskap, teatervitskap og sosiologi. Eg er gift og har to døtre. Eg har spela og sunge for folk sidan
tidlege tenår, sidan eg første gong spelte på dans i ungdomshuset Solvang
på Moster, Bømlo i 1969. Bandet
heitte først Phlegm, men skifta sidan namn til
Red House. Eg var vokalist, Sivert Sivertsen spela rytmegitar, Egil
Grindheim, trommer, Ola Jan Øksnes, sologitar og Geir Lygre/Bauer
Espeland, bass, etter det eg hugsar. Eg veit ikkje om me var særleg gode og
spela, men me hadde eit fabelaktig repertoar. Stones, Creadence,
Troggs, Animals, Hendrix. På syttitalet dreiv eg mest med visesong og
var aktiv innan viserørsla, m.a. som styremedlem i Norsk vise- og
lyrikkforum og i vise- og lyrikklubben Fokus på Stord. Har sidan den gongen jobba mykje saman med forfattar:
Per Jan Ingebrigtsen, Rune Belsvik, Ragnar
Hovland og Per Olav Kaldestad. I eit par år
midt på syttitalet budde eg i Sandnes og var vokalist i bandet Mushroom Group som spelte til dans over heile
sørvestlandet. Medan eg budde
i Bergen var eg også vokalist i bluesbandet Blue
Soul (med Kurt Slevigen, Finn Halleraker m.fl.), spelte ein del på pøbbar,
turnerte saman med Reidar Brendeland osb. Våren 1984
turnerte eg med Liverpool-poeten Adrian Henri. Eg møtte Ragnar Hovland på
bokhandelen Studia og byrja samarbeida med han. Me turnerte mykje heilt
fram til slutten av nittitalet, oftast med Ole Amund Gjersvik på bass, og
jobbar sporadisk saman enno. Plata vår, "Trøysteslaus hotell",
fekk me Hordaland Mållag sin målrockpris for. Hovland, Rune Belsvik, Gudmund Rydning og eg laga den postmoderne
kabareten "Havet, kjærleiken og Bøttefanten" som me spelte på
Lille Scene på Den Nationale Scene m.a. Sidan vart eg
kjent med flotte gitaristen, låtskrivaren og
forfattaren Bjørn Vassnes (eks. Nøkken) og saman starta me eit band som var
på ein kort turné før me gav oss. Eg flytta frå Bergen til Stord, vart småbarnsfar,
journalist i avisa Sunnhordland og mindre aktiv som musikar. På nitiitalet var eg først med i jamme-bluesbandet
Bakeriet Bluesband som veksla litt i mannskap og hadde med folk som Ole
Jacob Hystad, Magne Thormodsæter, Tarald Tvedten, Finn Halleraker, Egil Torp, Tor Bjarne
Bjelland, Kjetil Dalland, Nicolay Hauan, Ove Gåssand m.fl. Eg song framleis viser og vart invitert til Nordisk visfäst i Hangö i Finland og
visefestivalen i Halmstad. Eg gav ut cd-en "Blå måne" i 1994, musikarar: Ole Jacob Hystad, Tarald
Tvedten, Etter dette kalla eg bandet mitt Blå måne. I 1996 fekk eg Vinjeprisen for journalistikken
min. I nokre år midt på nittitalet var eg leiar for I 1997 debuterte eg med
barneboka "Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill", som i februar 2007
komut på tysk på Oetinger Verlag. Eg har sidan
gitt ut ei bok kvart år, utanom 2002. Rundt 2000
byrja eg å samarbeida med Roald Kaldestad, Jørn Olav Myhre og Jan Evald
Kleppe. I 2006 gav eg
ut cd-en "Mast utan skip". Innspelt hjå Gisle Østrem
på Stord. Ingen av
platene mine har fått nasjonal distribusjon, men dei kan kjøpast hos
meg. Eg var med og
starta barnebokfestivalen Falturiltu på Stord og
er med i programkomiteen for festivalen. Eg er også med
i det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattere
(NBU). Bøkene
mine finn du i bokhandelen og på biblioteka.
I 1979 var eg som hundrevis av andre, i Detsika
og demonstrerte mot Alta-kraftverket. Men først var eg på viseverkstad i
Alta og laga melodien til "Detsikavisa"
til tekst av m.a. Ragnar Olsen og Idar Lind. Sverre Kjelsberg brukte
songen som b-side på "Sami Ædnan"
og var med og finansierte første året mitt som student i Bergen.
Eg song sjølv songen i den ualminneleg hardt slakta filmen som Bredo Greve
laga om Alta-Kautokeino-kampen,"La elva leve". Hausten det året turnerte
eg på Sunnmøre saman med Rune Belsvik som hadde
brakdebutert med "Ingen drittunge lenger".
Eg flytta til Bergen i 1980. Eg turnerte ein god del saman med Reidar Brendeland og spela m.a. på Vestlandsfestivalen
på Ulvensletta.
Eg har laga musikk til tre skodespel av Rune Belsvik.
Saman med Ole Jacob Hystad, Kjetil Dalland og Tor Bjarne Bjelland spelte eg
på blues- og jazzfestival i Finland.
Magne Thormodsæter, Tor Bjarne Bjelland, Roger
Sjøvold og Ole Amund Gjersvik.
Lydopptaka vart dels gjorde av NRK og dels av
Gisle Østrem.
Eg prøvde meg også som amatørskodespelar og spelte Bør Børson
i Stord teaterlag si oppsetjing.
kulturhuset Fengselet på Stord og laga m.a. Bokdagane
på Stord.
Eg arrangerte også utstilling med Steffen Kverneland sine
originalteikningar. Første gong noko slikt vart gjort i Noreg, etter det eg
veit.
Bandnamnet var framleis Blå måne og Ole Jacob Hystad var oftast også med.
Me spelar stundom enno. I det siste har eg spelt mest saman med Roald og
Jørn Olav i akustisk trio.