|
”Heksa – ei skummel forteljing” av og med Atle Hansen Konrad står utanfor hagegjerdet på Haugen, like ved den gamle apalen. Berre eit par meter frå han heng dei raudaste og mest freistande epla han nokon gong har sett. Han har halde auga med dei i fleire veker, heilt frå i sommar då han byrja gå forbi denne hagen på veg til skulen. Først var dei små, grøne kart, sidan vart dei større og rundare, og fekk raude flekkar på den grøne huda. No er dei endeleg modne, runde og raude, med berre nokre få svarte skurver på. Han kan kjenna den friske og på same tid syrlege og søte smaken i munnen, berre han lukkar att augo og tenkjer på dei. Harde er dei nok òg, og gode å bita i. Men han torer ikkje røra dei, for han veit kven sin hage det er.Slik byrjar boka ”Heksa” som eg gav ut i 2001. Og slik byrjar framsyninga eg har bygd opp kring denne boka som er rekna blant noko av det mest spennande som er skrive for born i Noreg. I denne framsyninga, som varer i litt over ein klokketime, blandar eg forteljing, opplesing og teater og både fortel historia i boka og om korleis boka vart til. Samstundes trekkjer eg tilhøyrarane med i forteljinga og let dei vera med å ta dei vala eg lyt ta som forfattar når eg skaper ei forteljing. Framsyninga har både humor og spenning og er vorten godt motteken over alt eg har vore. Eg har framført ”Heksa” over 300 gonger og turnert over store deler av Sør-Noreg. Mest for den kulturelle skulesekken (Sør-Trøndelag, Hedmark, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder m.a.), på bokbåten og med einskildoppdrag i skular, bibliotek og offentlege framsyningar. Tilbakemeldingane frå skular og arrangørar har vore svært gode, særleg har den gode kontakten med publikum vore trekt fram. Eg framfører helst ”Heksa” i sal med eller utan amfi, ikkje i klasserom. Der det ikkje er amfi, gymsal t.d., vil eg at elevane sit på stolar og absolutt ikkje på matter på golvet. Eg ønskjer at elevane ikkje skal oppleva dette som ein skuletime med forfattarbesøk, difor vil eg ikkje at dei har lese boka på førehand – det vil øydeleggja for spenninga. Dei kan gjerne ha førebudd spørsmål til meg, men det er slett ikkje naudsynt. Eg kan godt ha 70-80 elevar per framsyning. Framsyninga høver best for mellomtrinnet. Eg har ingen andre krav til utstyr enn, eit glas vatnm ein stol og eit bord og som nemnd, at tilhøyrane sit godt. Normalt honorar 3000 kroner per framsyning, eller etter avtale, pluss reise og opphaldsutgifter. Booking: post@atlehansen.net, 98 24 20 18 eller Norsk forfattersentrum, avd Vestlandet vest@forfattersentrum.no 55 21 54 40. Deichmanske bibliotek har laga eigne interaktive nettsider om Heksa: http://www.lesehulen.no/se/heksa.html Det same har Tunkatten: http://www.tunkatten.no/default.asp?menu=3780&id=3860 Boka vart også teken med då Barenetimen
laga lesetipsliste over spenningslitteratur, og hamna der i selskap med
både Roald Dahl, Bram Stoker, Maria Gripe, Robert
Louis Stevenson og Neil Gaiman m.fl.: http://www.txt.no/barnetimeboka/boktips_gr.htm Heksa
Kva gjer ein når ein er tatt til fange, det er natt, og det er minst fem meter ned til bakken? Dette er boka som tillet barna å kjenne ekte, ufiltrert spenning. På veg til skulen må Konrad gå
forbi huset på haugen. Her
finst dei utrulegaste og mest freistande epla ein kan tenkja seg, og Konrad må
berre ta eit. Men inne i huset bur ei heks som tar han til fange. Etter det
folk seier, har ho drepe son sin og gravlagt han i myra bak huset. Der går
han igjen og spøkjer! Inne i stova skjer nett det Konrad er mest redd for, ho
forvekslar han med den avdøde sonen. Og kva gjer han når det er natt, dørene
er låste og det er minst fem meter ned til bakken?
Aftenposten om boka Dag og Tid om boka: |